UNN DEN FAGRE RÅE

Maja Aspås Teialeret som Unn den fagre og Eirik Risholm Velle som Mre Karl i Herøspelet Kongens Ring

–  «Unn den fagre» er sterk, full av feil og kjempar for det ho trur på, meiner hovudrolleinnehavar Maja Aspås Teialeret. Ikkje heilt ulik henne sjølv.

Maja Aspås Teialeret som Unn den fagre og Eirik Risholm Velle som Mre Karl i Herøspelet Kongens Ring

UNN DEN FAGRE RÅE

«Unn den fagre» er sterk, full av feil og kjempar for det ho trur på, meiner hovudrolleinnehavar Maja Aspås Teialeret. Ikkje heilt ulik henne sjølv.

Maja Aspås Teialeret som Unn den fagre og Eirik Risholm Velle som Mre Karl i Herøspelet Kongens Ring

Foto: Eivind Sævik

Foto: Eivind Sævik

Maja Aspås Teialeret. Foto: Josefine Spiro/JoDa Media

Foto: JoDa Media

Foto: JoDa Media

Maja Aspås Teialeret i rolla som Unn den Fagre i Herøyspelet Kongens Ring.

Dei som har sett Herøyspelet nokre gongar kan sjå denne scena tydeleg føre seg: Den unge, fagre vikingkvinna med knallraud, møkkete kjole spring inn blant herøyfolket med fakkel i handa og roper; «Brenn Herøy». Ein augneblink seinare står det første huset i full fyr, til vill jubel frå Møre-Karl og resten av dei kriminelle herjungane. Så er Herøyspelet Kongens Ring i gang.

– Akkurat det ville ikkje eg ha gjort. Men eg kjenner meg att i villskapen. I rolla som Unn får eg henta fram ein råskap i meg sjølv som eg ikkje får utløp for i det verkelege livet. Den scena der Unn tenner på huset er favorittdelen min i heile stykket.

I 2024 er Maja Aspås Teialeret med i Herøyspelet for fjerde gong. Ho vart spurd om å delta første gong i 2019, då Jeff Pedersen var regissør: Ho har nemleg mykje erfaring med denne typen spel.

– Då googla eg litt og tenkte at «Fy søren, dette ser heilt fantastisk ut». Eg sa ja med ein gong, hugsar ho. 

Kim Helge Strømmen som Ingolf Ynda og Maja Aspås Teialeret som Unn den Fagre i Herøyspelet Kongens Ring.
Maja Aspås Teialeret som Unn den Fagre i Herøyspelet Kogens Ring.

Full av krut og trassig som mor si

Det var ikkje den vakre naturen, den spennande historia eller den særeigne musikken som trigga henne mest. Heller ikkje den dyktige regissøren eller den herlege synergieffekta du får av å blande profesjonelle og frivillige skodespelarar. Jau, dei faktorane var også viktige – men den aller største triggaren var karakteren ho fekk tilbod om å spele; hovdingdottera, Unn den fagre.

– Manusforfattaren, Rolf Losnegård, skriv utruleg kule kvinneroller. For det første er ikkje Unn noko offer. Tvert imot er der to karar som kjempar om henne, og ho vel å styre si eiga skjebne i eit mannsdominert samfunn, iallfall til ei viss grad, seier Maja.

Unn er full av krut og trassig som mor si, meiner ho.

– Til tider gjer ho egoistiske val, men ho kjempar for det ho trur på. Og når ho får vite at ho er gravid, så vel ho å kjempe for barnets beste i staden for seg sjølv, fortel skodespelaren.

Jord på armane for å kome i rett modus

Før førestillinga startar, likar Maja å ha ein «pep-talk» med «Møre Karl», som i år er spela av Eirik Risholm Velle, og dei andre herjungane. Då møtast dei «backstage» ved Herjunghola for å kjenne på samhaldet. 

– Vi skal vræle, brenne og herje i lag, då treng vi å vere trygge på at vi er ein samla gjeng. Viss ikkje trur eg det kan vere vanskeleg for folk å tore å gi alt, seier Maja.

Sjølv har ho dessutan lagt til seg ein noko uvanleg rutine for å kome i rett modus før ho stormar inn på scena.

– Eg har brukt å gni inn armane mine med jord for å styrke kjensla av at Unn har vore ute og herja, ler ho.

Maja kan ikkje anna enn å le då «kjærasten» Møre Karl (Eirik Rishlm Velle) dansar for henne, medan Tormod Løvold – som her er stand-in for Kim Helge Strømmen (Ingolf Ynda) – gjer «limbo» ved sida av.
Kjersti Elvik, Svein Harry Schöttker-Hauge, regissør Eirik Del Barco Soleglad og Maja Aspås Teialeret under ei øving til Herøyspelet Kongens Ring 2024. Foto: Josefine Spiro Foto: Josefine Spiro/JoDa Media

Maja kan ikkje anna enn å le då «kjærasten» Møre Karl (Eirik Rishlm Velle) dansar for henne, medan Tormod Løvold – som her er stand-in for Kim Helge Strømmen (Ingolf Ynda) – gjer «limbo» ved sida av.

Her er «Unn den fagre» i tydeleg herjerus. Til venstre ser vi Kjersti Elvik (Inga), Svein Harry Schöttker-Hauge (Ragnar Herøyhovding) og regissør Eirik Del Barco Soleglad.

Teater er livet – bokstaveleg tala

Då vi spør Maja om kva ho likar å gjere når ho ikkje driv med skodespel, responderer ho raskt:

– Å, herlegheit, heile livet er no eigentleg teater! Men altså, eg er glad i naturen og i å gå på fjellet. Såleis er det veldig fint å vere her.

Maja meiner det verkeleg når ho seier at «heile livet er teater». Ikkje berre har ho spela i ei rekkje spel og musikalar, som Peer Gynt og West Side Story.  Ho skriv også eigne førestillingar.

– Det største eg har gjort så langt er Ørkedalsspelet på Orkanger i Trøndelag, som hadde urpremiere 1. september i fjor. Eg gjorde alt frå skrætsj – frå å  setje saman styre og tilsetje produsent til å skrive manus og musikk. I tillegg spela eg den eine hovudrolla. Det var veldig, veldig stort, minnast ho.

Maja er også musikar og komponist. Ho har skrive musikk for artistar som Didrik Solli-Tangen og produsert fleire eigne konsertar. Difor er ho høyst kompetent til å uttale seg om musikken i Herøyspelet.

– Han er kompleks og har ein nydeleg eigenart som gjer at eg ville kjent han igjen sjølv om eg ikkje hadde høyrt akkurat den låten før. Eg er blitt veldig glad i Herøy-musikken, fortel Maja.

Maja Aspås Teialeret. Foto: Josefine Spiro

Maja Aspås Teialeret. Foto: JoDa Media

Maja Aspås Teialeret. Foto: JoDa Media

Overrasking i vente?

Då vi snakkar med Maja, har øvingane til årets spel så vidt starta, men ho har fått nyss om noko ho trur publikum vil setje pris på.

– Det verkar som det kan skje nokre endringar i årets spel som skrur alt veldig til – i positiv forstand, røper ho.

Det er berre å gle seg!

Herøyspelet Kongens Ring

Foto: Eivind Sævik

Foto: Eivind Sævik

Denne historia er produsert av JoDa Media AS for Stiftinga Herøyspelet