FRÅ BARN TIL KONGE
Henrik Hjorthaug Halle (22) er tidenes yngste Herøyspel-konge. I 2024 ber han krona for andre år på rad. – Dette er verdas beste sommarjobb, meiner den ferske kongen.


Vi møter «Kong Olav Haraldsson» på ein av dei øvste benkane i amfiet på Herøy Gard. Han har litt dødtid medan kollegaene øver på ei scene han ikkje er med på. Det er meldt gråvêr og vind, men nett no er lufta fylt med varme og mygg – som heldigvis skyr unna insektsprayen nokon har sett fram til skodespelarane.
– Dette er «leiking for vaksne», smiler Henrik, med blikket festa på kollegaene der nede på naturscena med utsikt mot Stadhavet.
Han er kanskje ung, men i Herøyspel-samanheng er hærøyværingen Henrik ein ekte veteran.
– Eg debuterte som tilskodar då eg var baby og stod på scena for første gong som åtteåring. Eg har vore med kvart år så lenge eg kan hugse. Herøyspelet er nok hovudårsaka til at eg valde å bli skodespelar, fortel han.
22-åringen er midt i eit utdanningsløp ved Musikkteaterhøyskolen i Oslo. Han valde denne retninga etter å ha fullført teaterlinja ved Volda vidaregåande skule.
– I Volda lærte eg korleis ein musikalproduksjon går føre seg. Vi gjekk frå tøys og leik til å forstå kva som må til for å skape seriøs kunst på scena, seier han.
Seriøs kunst driv han blant anna med i oppsetjinga av musikalen «Jesus Christ Superstar» på Folketeateret i Oslo, der han har vore heldig å få seg deltidsjobb.
– På Folketeateret har eg mange ulike statistroller og stiller opp der det trengst. Men den største rolla mi så langt, er nok kongen i Herøyspelet. Ho er veldig fin å ha på CV-en, meiner Henrik.

Eit minne om eit sverd på avvege
Henrik er 10-11 år gammal og har rolla som herøybarn i vikingmusikalen Kongens Ring. Førestillinga er godt i gang. Hansit i eit hjørne på utescena saman med resten av ungeflokken i spelet då dei viltre herjungane kjem stormande opp frå «Herjunghola» over åskammen og inn på spelplassen. Ein av herjungane lyfter sverdet. No skal Henrik og dei andre barna spele at dei er livredde. Herjungen med sverdet drylar våpenet i bakken med spissen først – og treff ein stein. I løpet av eit par sekund knekk sverdet i to og flyg høgt opp i lufta, over orkestergrava og forsvinn ut av scena. Den stakkars herjungen mister fatninga, og det same gjer Henrik. Han bryt ut i latter og klarer nesten ikkje å stoppe.

Henrik under ei øving til årets Herøyspel. Han likar godt at der er mykje leik og humor mellom skodespelarane og regissøren.
Vikingmusikal med Shakespeare-vri
Gjennom eit heilt liv med Herøyspelet, har Henrik fått jobbe med alle dei tre regissørane som har vore involverte.
– Alle har vore dyktige, men på eitt område utmerkar Erik Del Barco Soleglad seg. Han legg verkeleg merke til alle dei involverte og er spesielt flink til å engasjere alle barna som er med slik at dei yter sitt beste, seier Henrik.
Del Barco Soleglad regisserte Herøyspelet i fjor, og gjer det også i år.
Kong Henrik meiner dessutan at Soleglad bringer ein ny seriøsitet inn i historia.
– Herøyspelet liknar litt på Shakespeare, både i historieforteljinga og formuleringane sine, meiner han.
Henrik synes det er fascinerande å sjå kor høgt regissøren respekterer dette, samtidig som han gir skodespillarane tillit og fridom til å leike og utforske karakterane sine.
– Øvingane er fulle av latter og moro, men samtidig jobbar vi med store ord og forstår tyngda av dei, seier Henrik.

Framtidsdraumar
Når Henrik er ferdig utdanna, drøymer han om å få jobbe ved Det Norske Teateret.
– Å snakke nynorsk og drive med musikalar i Oslo høyrest no ganske greitt ut for ein sunnmøring, smiler han.
Men vingingmusikalen heime i Herøy står høgt i kurs hos den nemnde sunnmøringen.
– Eg vil utan tvil kome heim til dette spelet så ofte eg får moglegheit. Her har kan eg leggje frå meg alt anna og berre vere i ei vikingverd ei vekes tid. Dette er tidenes sommarjobb!
Denne historia er produsert av JoDa Media AS for Stiftinga Herøyspelet