HERØYSPELET 2024
Møt hovudrollene og sjå bilde frå årets spel

6. og 7. juli går den historiske vikingmusikalen Kongens Ring av stabelen på den idylliske utescena på Herøy Gard.
Spelet er så kjent, kjært og fortryllande at det har lokka til seg tusenvis av tilskodarar år etter år.
Her kan du lese personlege intervju med nokre av dei største rollene og regissøren i årets spel. Litt lenger ned på sida finn du eit stort bildegalleri med kjekke glimt av både dugnad og scenekunst.
God lesing - og velkomen til Herøyspelet!
Hovudroller i 2024
Silje Oksholen Gjelseth
Forteljar: Silje Oksholen Gjelseth vaks opp som Herøybarn, både i det verkelege livet og på Herøy Gard. Midt i flokken av viltre «vikingungar»... Heile tida bar ho på ein draum: Ho ville syngje solo i Herøyspelet.
Henrik Hjorthaug Halle
Henrik Hjorthaug Halle (22) er tidenes yngste Herøyspel-konge. I 2024 ber han krona for andre år på rad. – Dette er verdas beste sommarjobb, meiner den ferske kongen.
Kristoffer Sagmo Aalberg
og Tormod Løvold
Komiduoen Tormod Løvold og Kristoffer Sagmo Aalberg er tilbake i rollene som Herøyspelets mest skremmande karakterar. I verkelegheita er dei to dedikerte familiefedrar som elskar natur, fotball – og krafta i ei god dugnadsånd.
Maja Aspås Teialeret
– «Unn den fagre» er sterk, full av feil og kjempar for det ho trur på, meiner hovudrolleinnehavar Maja Aspås Teialeret. Ikkje heilt ulik henne sjølv.
Eirik Risholm Velle
I Herøyspelet er Møre Karl ein rebell og røvar som let sambygdingane i stikken og tek det han vil ha. Stikk i strid med skodespelar Eirik Risholm Velle som kom heim til Sunnmøre for å prioritere familien.
Svein Harry Schöttker-Hauge
og Kjersti Elvik
I Herøyspelet er Inga misfornøgd med den slitne husbonden sin, Ragnar Herøyhøvding. Kjersti Elvik og Svein Harry Schöttker-Hauge er derimot gode venner – trass i at ho aldri har gløymd kor rasande han vart på henne for 34 år sidan.
Eirik Del Barco Soleglad
Han har kjærleik for Herøyspelet og brukar humor som verkemiddel. Slik får regissør Eirik del Barco Soleglad fram det beste i kvar einskilde skodespelar. – Årets spel blir eit festfyrverkeri, lovar han.
Kim Helge Strømmen
Kim Helge Strømmen er opphavleg frå Ørsta, men bur og jobbar som profesjonell skodespelar i Oslo. Han har vore med i Herøyspelet fleire gongar før. Karakteren hans, Ingolf Ynda, er ein ung, respektert mann frå herøyfolket, lova vekk til Unn og dermed den neste herøyhovdingen. Men vil Unn ha han?
Morten Gusdal
Morten Gusdal spelar Bjørn Stallar, som leiar for kongens hird og fofte fører ordet for kongen på tinget. Den verkelege historia fortel at Bjørn Stallar kjempa i lag med kong Olav og døydde saman med han i slaget på Stiklestad 29. juli 1030.
Joakim Eiksund
Joakim Eiksund har rolla som Bisp Grimkjell, den fremste av Kong Olav sine hirdbiskopar. Innsatsen hans som grunnleggar av kyrkja er framheva i dei gamalnorske lovene. Han skal også ha vore viktig i arbeidet med å gjere Olav til Heilag Olav. Bisp Grimkjell og Bjørn Stallar er personleggjeringa av kongen sin indre kamp og strid mellom kyrkjeleg makt og verdsleg makt.
Øyvind Granden Berg
Mange seier at musikken spelar ei av hovudrollene i Herøyspelet Kongens Ring, og Øyvind Granden Berg er dirigent for det lokale Herøykoret. Vikingmusikalen har eit stort kor og orkester med sytten musikarar i symfonisk brass-besetning. Musikken er spesialskriven og utgjer ein stor del av spelet.




























Denne historia er produsert av JoDa Media AS for Stiftinga Herøyspelet